Hopp til innhold
Goddosen - Bømlo

Goddosen Panorama – Bømlo

  • Bebygdareal

    94 m2

Arkitekttegnede hytter i nydelig landskap

Kor mykje kan du fjerna frå livet og likevel ha eit fullkome behageleg liv?

Kor fantastisk kan hytta di vera og likevel ha eit minimalt fotavtrykk i naturen?

Frå Goddosen har du tilgong til ei verd av opplevingar. So tett på naturen at du kan nyta detaljane! – Trim og trening, rekreasjon, fiske, fuglekikking og mykje meir!

Hytta i Goddosen er rama rundt gode stunder. Nyt naturkreftene i storm og regn, trø rett ut i lyngen og solskinet. Hyttekroppen svever lett over lyng og berg.

So naturleg at trykket mest ikkje merkast.

Vegen snor seg langs bergkanten og kyssar det harde fjellet. Fullkomen harmoni.

Varme kanelbollar og krambuhandel i koselege Brandasundet! Og reker og fersk fisk på Skjeret.

Eller ein tur til Svortland med ei mengd butikkar, tenester og offentlege kontor.

Hyttene spelar ilag med det naturlege uttrykket i terrenget; gjennom uterom som blir danna, med materialbruk og fargebruk. Hyttene strekker seg frå sine platå og ut i det opne landskapsrommet.

Balansen mellom dette nære og det fjerne landskapsrommet gjev ein spanande kontrast i naturopplevingar. Samspelet mellom vegetasjon, topografi og bygning skal saman gje variasjon for ulike uterom.

Hyttene i Goddosen er prega av tradisjonelle, vestnorske materiale i eksteriør og interiør som underbygger den enkle og robuste formgjevinga. Ytterveggar blir utført i ulike slag trekledning og glas. Glasrammene blir i mørke jordtonar. Denne paletten gjev eit harmonisk samspel med omgivnadane der ein frå avstand ikkje kan skilje så lett kva som er en bygning og kva som er landskap.

I interiøret ser me føre oss stor bruk av tre – i form av kryssfiner og panel på vegger, tak og golv. Slitesterke og gylne flater som omsluttar og gjev intimitet i det opne landskapet.

Hyttene blir førte opp av den erfarne hus- og hyttebyggaren Berge Sag. Du vil få den beste oppfølging hos dei i byggeprosessen.

For meir informasjon, ta kontakt med oss!

Kontakt for mer informasjon om Goddosen Panorama:

Goddosen Panorama AS | 5430 Bremnes
T: 918 04 435 | [email protected]

www.goddosen.no

Eller selger i Berge Sag, Jarle Troland, 98229316, [email protected]

Jarle Troland

Hytteselger

[email protected] 98229316

Meld interesse Goddosen Panorama – Bømlo

    Bestill vår hyttekatalog

    Utforsk våre flotte hyttemodeller – bygg selv eller la oss gjøre det.

      Har du allerede tomt?

      Ja, jeg har tomtNei, jeg har ikke tomt

      Hvordan vil du få tilsendt katalogen?

      Jeg har lest og godtar samtykkeerklæringen*

      Samtykkeerklæring